KOMMUNIKASJON OG LEDELSE

KOMMUNIKASJON OG LEDELSE – ein forenkla introduksjon til eit kompleks tema

Eg er så heldig og privilegert at eg skal undervise i NLP-basert coaching både i Bergen og Stavanger i haust – under overskrifta «Kommunikasjon og ledelse».

Det er ei stor glede, og samstundes set det meg under press: Dersom eg skal lære andre å kommunisere og leie seg sjølv og andre, så må eg vere veldig god til dette sjølv.

UTFORDRINGA

Har du nokon gong høyrt om noko som kallast prestasjonsangst?

Berre det at eg skriv dette på nynorsk, vil for mange vere eit bevis på at så ikkje er tilfelle.

Heldigvis skal eg ikkje lære nokon å kommunisere – og heller ikkje å leie seg sjølv og andre.

For det er ein del ting her i livet vi alle slepp å lære:

DET VI KAN OG DET VI SLEPP

Vi treng ikkje lære å halde hjarta vårt i gang. Vi treng ikkje lære å puste. Vi treng ikkje lære å sjå, føle og lukte.

Det kan hende at vi må lære oss å lytte, men ikkje å høyre.

Vi må kanskje lære kva god smak er, men ikkje å smake.

Dei autonome systema våre og sansane tar seg av jobben for oss. Hjarta slår til det ein gong stoppar. Sansane våre er der, eller dei er der ikkje.

Slik er det også med «kommunikasjon og ledelse».

Det går ikkje an ikkje å kommunisere, og det går ikkje an ikkje å leie seg sjølv.

Men det går godt an å kommunisere utan å forstå og bli forstått. Og det er fort gjort å leie seg sjølv (og andre) i ei ikkje optimal retning.

MENNESKE OG DYR

Som menneske har vi evne til verbalt språk. Det skil oss ut. Det finst òg mange variantar av det verbale språket, og har vi evne til å tolke mellom dei ulike variantane, vi kan lære å gjere oss forstått på engelsk, fransk og kinesisk.

Som pattedyr har vi evne til å kommunisere med kroppsspråk og/eller det som vi kan kalle ikkje-verbalt språk. Med det klarer vi oss relativt godt i møtet med hundar, kattar, kyr og hestar og med dei fleste andre dyr – vi klarer å tolke viktige teikn og veit at viktige signal frå oss også blir oppfatta rett av andre pattedyr (angst, kjærleik, tryggleik, tillit, osb.).

Det er verre å bli klok på ein måke eller ein fisk, men uråd er det ikkje. Kvar art har sine særtrekk. Sild kommuniserer m.a. ved å fise, og vi veit at svarttrost syng annleis i Oslo Vest enn i Oslo Øst.

MOTSTAND

Alle som tar ei utdanning i NLP kjem bort i namnet Milton H. Erickson, den vidkjende hypnoterapeuten, han som tala psykoanalysen midt i mot og sa at motstand berre er eit teikn på manglande rapport (Søren Kirkegaard: Rapport er kvaliteten på en relasjon). Det er mange forteljingar og anekdotar om Milton Erickson. Ei av dei som har gjort sterkast inntrykk på meg er forteljinga om då han som ung gut fekk polio og mista taleevna og fekk ein ufør kropp. Etter ein legevisitt høyrde han legen fortelje mora at han neppe ville overleve natta, noko han ikkje var i stand til å protestere høglytt mot. Gutungen ville ikkje døy, han ville leve og aksepterte ikkje ein slik lagnad. For å få til eit samarbeid om ein helingsprosess måtte han finne ein måte å kommunisere med mor si på som ho forstod. Dei lærte å tale til kvarandre med augo, skapte sitt eige språk.

For ei tid tilbake gjekk det gjennom media at skodespelaren Bruce Willis, som eg neppe har lært så mykje av og vore så inspirert av som av Milton Erickson, hadde fått diagnosen afasi. Gradvis mister han evna til å bruke og forstå ord. Men han vil (truleg) framleis ha sansane sine i behald, han vil (truleg) framleis oppleve skiftande kjensler (angst, kjærleik) og kjenne behov (tryggleik, sult, tørst). Og eg er overtydd om at han vil kommunisere dette. Eg er ikkje like overtydd om at kommunikasjonen vil bli forstått.

VELLUKKA KOMMUNIKASJON – TRE PÅSTANDAR

  • Vellukka kommunikasjon (og leiing) krev felles forståing av, ofte ei semje eller ein avtale om, kva teikna skal tyde.
  • Vellukka kommunikasjon (og leiing) krev kontekst (samanheng) og rammer/reglar for korleis kommunikasjonen skal finne stad.
  • Vellukka kommunikasjon (og leiing) krev perspektiv og retning (ein vilje, eit mål, noko som skal oppnåast).

Det er fort gjort å bli feiltydd. Etter mi meining er det mest uråd å forstå eit anna menneske og dermed å gjere seg forstått overfor eit anna menneske – på visse plan. Sjølv om vi gjer så godt vi kan. Sjølv når vi ser bort frå alle dei gongene vi bevisst driv med tåkelegging eller løgn.

«Send meg smøret» kan funke relativt godt ved frukostbordet.

«Fortel meg kva som er viktig for deg» kan vere meir problematisk.

KROPPSSPRÅK OG NON-VERBALT SPRÅK

Det verbale språket, og særleg når det står aleine, er minst til å lite på. Til å tyde kroppsspråk får vi hjelp av dei nervecellene som kallast «spegelnevronar», som i stor grad bidrar til at vi kan kjenne att sekvensar av handling og skilje mellom t.d. aggressive rørsler, kjærlege rørsler, fiendtlege rørsler, osb.

PRIORITET

Dersom dette er rett, så vil læring i «kommunikasjon og ledelse» vinne mykje på å prioritere:

Medvit om kva det er som er mål og behov. Kva er det vi vil oppnå og kvifor?

Klårt medvit om og klåre definisjonar av samanheng. Kor er det denne kommunikasjonen skal finne stad og vere relevant, effektiv, nyttig?

Skape gode plattformer for kommunikasjonen, kvalitet i relasjonane (rapport), grunnlag for felles forståing og semje om kva tegn skal tyde (kleskode, etikette, påbod/forbod, m.m.

KULTUR

Mange av dei rammene som gjeld for vår kommunikasjon, er det ikkje vi sjølv som fastset. Dei inngår i det som vi kan kalle «kultur»: Kulturen i eit samfunn, kulturen i eit sosialt lag, kulturen i ein organisasjon, kulturen på ein arbeidsplass. Når vi er medvitne om desse rammene, kan vi velje å tilpasse oss og følgje reglane. Eller vi kan velje å bryte med reglane og gjere ting annleis, gjere opprør, revolusjonere laget, organisasjonen, samfunnet. Det kan generere motstand – sjølvsagt. Og: Motstand er mangel på rapport.

Den som bryt reglane umedvite, vil ofte framstå som udanna, ukultivert, tankelaus, dum (= vond). Dette hender oss ofte når vi ikkje kjenner rammene og reglane, t.d. når vi er på ferie i framande land og kulturar, når vi er flyktningar langt heimefrå eller når vi som søringar flyttar oss nord i landet eller som byfolk slår oss ned i ei vestlandsbygd.

Det som gjeld ein stad, vert feil ein annan.

For å takle dette kan det være nyttig å bli betre på det som kan kallast «multivalens», eller stabil ustabilitet.

Bli stødig ved å halde deg i rørsle. Kvil deg ved aldri å stå i ro.

Tags: No tags

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *