20240219_171944

JEG ER IKKE EN ROBOT – GARANTERT?

Du har sikkert opplevd det, du også.

Jeg er ikke en robot

– eg blir møtt med denne påstanden av og til når eg loggar meg inn på sosiale media og kvar gong eg vil logge meg inn på mine eigne nettsider. Og så må eg gjere påstanden til min eigen og stadfeste (på ære og samvit) at den er sann.

Tidvis blir eg ikkje trudd med ein gong og må bevise det, t.d. ved å klikke på ruter med bilde av syklar eller trafikklys. Alltid med ei viss angst for konsekvensane ved å svare feil eller bli avslørt.

I dag måtte eg finne ei padde som stod rette vegen. Det gjekk for så vidt godt, eg blei verifisert og attestert: 

«Du er et menneske. Du kan nå utføre dine handlinger.»

Og det vil eg så gjerne, gå ut i verda og utføre mine handlingar. Som menneske.

 

Autopilot

Men av og til kjem tvilen snikande. Er det verkeleg slik? Er eg eit menneske, ikkje berre ein maskin som er tilbakestilt til fabrikkinnstillingane?

Kor stor del av dagen går eg på autopilot, på cruise control, i mitt faste mønster?

Kor ofte opplever eg dagen som ny og er i stand til å sanse, la meg overraske, være nyfiken, gripe augeblikket som nytt og urørt, annleis enn alt som har vore før?

Ein produsent av romduft reklamerer no for ein duftdispenser som sender ut tre ulike dufter kvar dag. Dette fordi vi blir «blinde» på duft, vi venner oss til den, noko som sjølvsagt kan være ein fordel når noko luktar vondt, men som også hindrar oss i å vere intens til stade i sansane våre.

Tilvenning

Vi venner oss til det meste, både det gode og det mindre gode. Og det kan bidra til å gjere dagane våre grå og like.

Truleg er dette ein biologisk overlevingsmekanisme. Menneske – og andre dyr – er flinke med tilvenning, med å tilpasse oss endra forhold. Vi kan venne oss til einsemd, smerter, ufridom, svolt og krig når det varer over ei viss tid.

For å skjerpe sansane og styrke opplevinga, vi kan kalle det vitalisering eller å fremje ei kjensle av å være i live, noko m.a. Joseph Campbell («Helten med tusen ansikter») meiner er endå viktigare for livskvalitet enn å skape meining, må vi altså bryte mønster, bryte opp og ut av vanen.

Etter mange år i millionbyen Berlin med tett trafikk både natt og dag flytta eg til ei bygd med nokre hundre innbyggarar. I Berlin sov eg godt med opne vindauga ut mot sommar- og vinternetter. Her vaknar eg av den eine bilen som ein sjeldan gong køyrer forbi nede på vegen midt på natta.

Høgdepunktet

Forskarar har vist at høgdepunktet på ein velværeferie kjem ca. etter 48 timar, deretter går det på ned. Lykkeforskning har vist at gleda over ein ny bil varer eit par veker, deretter går det på ned.

Du kan bu på verdas finaste plass, men likevel må du reise bort for å oppleve vakker natur.

Som coach arbeider eg med å hjelpe folk å bryte uheldige mønster, mønster som ikkje fungerer optimalt, som hemmar og hindrar utvikling og personleg vekst.

Mønster som du ein morgon vaknar opp til og kjenner at du er bitter, fordi så mange år har gått, fordi så mange år har vorte kasta bort på grått og meiningslaust. Du «er ikke en maskin», men du har levd som ei.

⚠⚠⚠

Men her må vi opp med en varseltrekant!

⚠⚠⚠

Om det er slik at høgdepunktet nås etter rundt 48 timar og det deretter går på ned, då vil ubehaget kanskje kome forsterka tilbake når du bryt med eit mønster og ikkje klarer å etablere eit som er godt i staden.

Si opp oftere

Dersom du t.d. er utilfreds med sjefen din eller med organisasjonen din, med dei systema som bremsar og innsnevrar deg, og du vel å lytte til Petter Stordalen som seier: «Si opp oftere (vi modige klarer alt)», kva då om du får ein ny sjef og nye system som er like meiningslause og inkompetente som dei du forlet?

Slå opp oftere

Eller om du er utilfreds med ektefellen din (som jo i verste fall kan vere synonymt med sjefen, ikkje sant) og lengtar mot ny forelsking og ny hormonboost, og du vel å lytte til ei røyst som seier «Slå opp oftere (just do it)». Då er det sjølvsagt ein viss risiko for at du får eit troll til kjerring eller gut til mann, bonusbarn og bonus-svigerforeldre.

Når du bryt opp, opplever du gleda over friske sanseopplevingar, men du opplever også frustrasjonen og ubehaget som ny.

Jaget etter nå

Men den største risikoen med denne logikken, med jakta på nye, vitaliserande opplevingar er kanskje at det kan bli vanskeleg å finne stabile prosjekt og stabile relasjonar som varer over tid og gjer livet føreseieleg, som gir pusterom og ro.

I staden for å kvile i opplevinga av nået, blir livet eit heseblesande jag etter nå.

I prinsippet er vi midt inne i motsetnaden mellom Konfutse og Laozi, mellom å søke vegen til det gode liv, eller lykke, i gode ritual, rette relasjonar, innøvde vanar, ved å gjere dei rette tinga om att og om att, og å søke den vegen gjennom kontemplasjon og ekstase, ved å vere open og gripe augeblikket då det nye syner seg.

Ja takk, begge deler

Så dersom vektskåla vippar over mot Laozi, treng vi kanskje også grep for å finne balanse, for å kunne leve godt i kvardagen òg, i vårt vande mønster, på autopilot i vår eiga komfortsone, til forveksling lik, men «ikke en robot».

Ja takk, begge deler. Oppmerksamt nærvær i ei verd som endrar seg frå sekund til sekund og noko heile tida er nytt. Aksept for det som gir ubehag og jubel over det som er vakkert.

Hugs at vi kan sjå tilbake på ting vi har opplevd, og vi kan sjå fram mot ting vi vil oppleve (førestille oss), men opplevelsen er alltid no.

Aksept

Aksept for det som gir ubehag betyr altså ikkje at vi ikkje kan og skal endre det. Det betyr at ubehaget finst i det flyktige augeblikket vi kallar no.

Når du kjenner ubehag, som når du kjenner glede og jubel, veit du at du er eit menneske som kan gå ut og gjere dine handlingar.

Du er ikke en robot. Garantert!

Don’t be a frog –

meld deg på til høstens NLP Practitioner, ABNLP

 

Tags: No tags

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *