VI VIL FORDI VI KAN FORDI VI MÅ – eit resirkulert innlegg om koronakrisa

KORONAKRISA OG DET NØDVENDIGE.

Eit innlegg om å velje modaloperatørsekvens.

Etter alt å døme er vi no inne i runde to. Koronakrisa er tilbake. Sommaren nærmar seg slutten, og hausten og vinteren står trugande og dyster framfor oss.

Så mykje er usikkert. Vil vi igjen måtte stenge ned? Vil vi kunne halde på jobbane våre? Vil vi kunne halde oppe drift og business?

Det gjekk jo så bra i vår. Vi kan vere stolte av oss sjølve. Vi tok kontroll, vi tilpassa oss og var fleksible, vaska hendene og heldt avstand. Det kosta, særleg for dei unge, dei gamle og dei sjuke, men vi kom oss igjennom, utan store tap av liv og kanskje med eit sterkare VI enn på lange tider.

Dermed har VI kunna nyte eit fantastisk forår og ein strålande sommar, VI har gjenoppdaga vårt vakre land og gleda av å køyre kolonne i bubil i hårnålsvingar, omgitt av rare dialektar og innpåslitne måkar. Ut frå det eg har kunna observere, ikkje minst på Facebook, er det visst berre pilotane som ikkje har tatt heilt av.

KVA VAR SUKSESSFORMELEN?

Kva var det som gjorde oss i stand til å takle den første bølga av koronakrisa så bra?

Vel, min teori er at vi kan takke eit av våre motivasjonsprogram for dette, eit mønster som vi integrerte og tenkte, handla og reagerte etter i månadene april, mai og juni.

Vi i Ålreit Coaching- og kompetansesenter kallar dette programmet for «modaloperatørsekvens», som ei fornorsking av det engelske «model operator sequence». Dette er eit program som er ansvarleg for handlekraft og motivasjon, og som kjem til uttrykk gjennom korleis vi formulerer våre oppgåver og utfordringar. Avgjerande er bruken av dei modale hjelpeverba «måtte», «ville», «burde», «skulle» og «kunne».

Då koronakrisa trefte oss i slutten av februar, tok regjeringa grep, var tydeleg og sa: VI MÅ

Som coach møter ein ofte denne formuleringa: Eg må (gjere ditt eller datt, endre ditt eller datt). Ein profesjonell coach vil ikkje akseptere å ta dette for god fisk utan først å ha utfordra det nødvendige, t.d. med spørsmål som spør etter kjelda: Kven seier det? Kor har du det frå, at du må? Eller ved å tenke hypotetisk: Kva vil skje om du ikkje gjer det?

 

DET NØDVENDIGE

 

Utover i april trong vi ikkje stor evne til å førestille oss konsekvensar ved ikkje å følge påboda frå regjeringa. Det var berre å sjå på reportasjane frå Italia og Spania, seinare New York – det nødvendige var reelt nok, bileta var overtydande.

Dette kallar vi «det nødvendiges modaloperatør».

Det nødvendige er det enklaste, tenker du kanskje. Må vi, så må vi. I mange tilfelle er det rett, i mange tilfelle finst det likevel noko som stoggar oss – angst, manglande tru på at det nyttar, fortrenging.

Når ei regjering seier MÅ, så seier ho som regel implisitt: Om du ikkje vil, så skal du. Det ligg makt og trugsmål om bruk av sanksjonar bak. Dette kan sjølvsagt generere motstand og protest, kanskje til og med barnsleg trass. (Ikke gjør som Erna sier!)

Det regjeringa lukkast godt med i vår, var å knytte det nødvendige opp mot det vi trur oss gode på: samhald, solidaritet, dugnad.

Fordi vi er dei vi er, KAN vi få det til. Våre eigenskapar, vår kompetanse gjer det mogeleg.

 

DET MOGELEGE

 

KAN er «det mogeleges modaloperatør». Vi har vist det ofte før, at vi kan stå saman når det gjeld. Dette gir oss mot, positiv identitet – meistringsevne, tradisjon, fellesskap gjer oss stolte og optimistiske. Ja det oppstår til og med utbrot av kreativitet og glede. Så fint! Så heldige vi er som er ein del av dette, som høyrer til her!

Som coach er ein alltid ute etter eit KAN. Kan gir uttrykk for evner og kompetanse, erfaring, tillit til eigne ressursar. Kan er også grunnlaget for alt ansvar og for det vi kallar myndiggjering eller «empowerment»: Eg tar ansvar, fordi eg kan ta ansvar.

Vi kjenner det att i president Obamas «Yes We Can!», og vi kjenner alle visdomsord i slagordform som «Du kan tru at du kan. Eller du kan tru at du ikkje kan. I begge tilfelle vil du få rett.»

For å lukkast treng vi av og til eit tredje element. Dette kan vi kalle «viljens modaloperatør». Vilje er knytt sterkt opp mot våre verdiar. Dette brenn eg for, dette vil eg. Men ofte er verdiane våre motstridande: Eg vil at eg og alle andre skal halde seg friske. Men eg vil òg klemme dei eg er glad i, vere saman med venene mine, reise, halde party. Mennesket er fødd til fellesskap, det å halde avstand strir mot våre grunnleggande behov og instinkt.

Verdikonfliktar og dilemma krev viljestyrke og disiplin. Du kjenner kanskje dei oppmuntrande orda frå t.d. ein mattelærar på foreldremøtet etter ein katastrofal tentamen: «Jeg er sikker på at han kan hvis han vil.» Eller dei formanande orda frå ein streng far: «Skjerp deg. Bit tenna saman. Du kan viss du vil!»

I koronakrisa i vår lukkast regjeringa med ei myndiggjerande rekkefølge av desse tre modale hjelpeverba, og Norge kunne gå inn i ein vakker sommar utan frykt og liding:

Vi MÅ, og då er det bra at vi er VI, for vi KAN, og vi VIL stå saman om dette.

 

MORALEN

 

No ser det ut til at denne formelen er endra, det har kome inn eit nytt modalt hjelpeverb, BØR har erstatta MÅ.

Du BØR ikkje reise utanlands. Du BØR bruke maske når bussen er full.

Dette kan vi kalle «moralens modaloperatør».

Dersom du handlar i strid med bør, vert du sanksjonert ikkje med bøter, men med peikefinger. Straffa blir skam, dårleg samvit, skam, stress og dårleg sjølvbilete. Det fører til det psykologane kallar «kognitiv dissonans»: Du veit kva som er rett å gjere, men du gjer det ikkje.

Eg bør ut å trene, men eg gjer det ikkje. Eg bør slutte å røyke, men eg gjer det ikkje. Eg bør vere rollemodell for mine barn, men eg gjer ikkje det rette. Dette syner kven eg (verkeleg) er.

Vi har vel alle gjort erfaring med skamkjensle. Etter mi meining er skam ein fin ting, det å vite at eg har gjort noko feil, noko som er i strid med eigne prinsipp, eigen moral, det eg skal stå for. Skamfull er betre enn skamlaus.

Men skam duger lite som styringsinstrument. Sjølv voks eg opp i ei tid då skulesystemet framleis gjorde bruk av skammekroken som disiplinerande tiltak. Den er heldigvis borte no. Den gjorde oss ikkje til betre menneske. Det gjorde heller ikkje gapestokken på torget eller kyrkjebakken.

 

REKKEFØLGA

 

Det som gjer oss til myndige menneske, ikkje minst no i koronakrisa, er å etablere ansvarleggjerande modaloperatørsekvensar:

Vi vil, fordi vi kan (motivasjonsretning fram mot – det mogeleges modaloperatør).

Vi vil, fordi vi kan, fordi vi må (motivasjonsretning bort frå – det nødvendiges, men òg det mogeleges modaloperatør.

Tags: No tags

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *