SPERREN I HODET –

KOR SANNE ER VÅRE OVERTYDINGAR?

SPERREN I HODET 

jo da, alle har

 

I morgon skal eg halde eit webinar, ein såkalla Masterclass, med tittelen «Sperren i hodet». Som du sikkert skjønar, kjem det til å handle om overtydingar, subjektive sanningar, som set grenser for oss, som er til hinder for oss på jakta etter karriere og suksess, etter utvikling og blomstring, etter det gode liv. Tankar (og kanskje emosjonelle eller fysiske reaksjonar) som stenger tilgangen til nye løysingar, som gjer at vi ikkje ser nye vegar å gå, eller som held opp raude skilt framfor oss som seier: Stopp. Adgang forbudt. Denne vegen er ikkje for deg.

 

BERLINMUREN

Vi har sjølvsagt alle slike sperrer. Stanley Jacobsen kalla dei skigardar som ikkje kan vare evig. Andre vil kanskje heller meine at dei er støypte i betong. Og då gjeld det å hugse at dei som bygde muren i Berlin sa at den kom til å stå i hundre år til – få veker før han fall.

I dag har eg stått opp seinare enn det eg plar. Og dermed kom eg i kontakt med ei av dei sperrene som eg ofte støyter mot, som eg er klår over, men som eg ikkje heilt veit kva eg skal gjere med:

Vi kan ikkje skru klokka tilbake!

Det kan vi sjølvsagt. I natt skrudde vi henne fram, til hausten kan vi skru henne tilbake, om vi vil. Eller vi kan bestemme oss for alltid å ha sommartid.

Opp gjennom åra har eg ofte møtt denne «sanninga» i samband med avgjerder, politiske eller andre, der dei som vel å gå for ei løysing, veit at denne løysinga ikkje er god, men ser på henne som uavvendeleg. Utviklinga krev det, framsteget krev det, det går ingen veg tilbake.

DYNAMIKKEN

Eit døme på dette kan vere utbygginga av vindkraft. Det er relativt stor semje om at vi treng eit skifte og ikkje lenger kan halde fram med å bruke fossil energi. Derfor må vi satse på andre energiformer – vindkraft, solenergi, kanskje til og med revitalisert atomkraft. Kraftbehovet aukar og vil halde fram med å auke. Vi kan ikkje skru klokka tilbake, og derfor må vi fylle ørkenane våre med solceller, fjelltoppane med vindturbinar, osb. Vi kan ikkje gå over til å sykle igjen. Vi klarer oss ikkje utan nettbrett og smarttelefon.

Webinaret i morgon kjem ikkje til å opphalde seg på dette planet, men prinsippet er det same.

Sperren i hodet, dei subjektive grensene, er prinsippet om det naudsynte. Slik er det, slik vil det alltid vere, det kan ikkje vere annleis. Eller: Slik er eg (berre), slik vil eg alltid vere, eg kan ikkje vere annleis.

SOSIALISERING

Vi blir alle sosialiserte inn i eit avgrensa tenke- og handlingsrom. I den perioden av livet vårt kor vi heilt manglar autonomi, i mors liv og som barn opp til ein viss alder, blir grenser prega inn i oss, loven meisla i stein, vår evne til å skilje mellom rett og galt, godt og vondt.

Utan slike grenser treng vi truleg ein diagnose, for at omverda skal kunne ta vare på oss, eller for å verne omverda mot oss.

Sagt på anna vis: Eg er overtydd om at vi treng overtydingar og grenser. For meg er ikkje spørsmålet om vi treng dei, men om korleis kvaliteten av grensene skal vere, og kva dei skal gjere for oss (og for våre medmenneske).

Overtydingane mine slår ring om min komfortsone. Innanfor desse grensene er eg kjentmann, relativt trygg, relativt avslappa, relativt i ro. Eg kan ta mykje for gitt, slepp å reflektere over alle grep og handlingar, veit kva eg får som resultat. Og det er godt å ha ein stad å kvile.

KOMFORTSONEN

Ein god komfortsone er eit godt utgangspunkt for utvikling, den dannar base for resiliens (robusthet og optimisme), men det er ikkje i komfortsonen utviklinga skjer.

Dvs. at eg må bryte gjennom eller ut av desse grensene, stille spørsmål ved enkelte overtydingar, for å utvikle meg vidare.

Endring tyder å bryte mønster. Mønster gir tryggleik. Vegen mot endring går altså via det utrygge.

Når eg har ei subjektiv sanning med meg på vegen, gir den meg fokus. Og som menneske er eg på stadig jakt etter stadfesting av mine sanningar.

Dersom eg til dømes har ei overtyding «Eg har ikkje nok sjølvdisiplin (til å nå mine mål)», så vil eg ha fokus på alle dei momenta i livet der eg får dette stadfesta: Der ser du, no gav du etter for freistinga igjen, du tok sjokoladen, du åt chipsen og drakk ølet, du droppa treningsøkta. Du kjem aldri til å klare å gå ned i vekt.»

ALTERNATIV

Spørsmålet er: Kor sant er dette? Kor hensiktsmessig er dette?  Kva vil eg tenke i staden? Og korleis skal eg få det til?

Heldigvis har Stanley Jacobsen rett. Ein skigard kan ikkje vare evig. Sjølv om vi sjølvsagt kan stelle den, halde den ved like og gi den i arv til neste generasjon, om vi tykkjer det er bryet verd.

Vi endrar heldigvis overtydingar mange gonger i livet, også mange av dei som er prega inn i oss. Og gjennom medvite arbeid med dei sperrene vi ikkje lenger ønsker eller treng, kan vi bygge dei ned. Så får vi kanskje andre i staden, og det kan vere greitt nok.

It’s life and life only.

 

Masterclass: Sperren i hodet

 

 

Tags: No tags

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *