KINTSUGI – reparasjon eller livskunst?

Kitsugi - reparasjon eller livskunst

KINTSUGI – reparasjon eller livskunst?

JAKTA PÅ EDELMETALLET – GULLGRAVAR ELLER ALKYMIST?

Nok eitt år er i gang, nok eitt er forbi – i eit privilegert liv, i eit velståande land.

Morgonen er mørk, og eg sit og tenker tilbake på ein av dei første ferieturane eg hadde i lag med min noverande familie, til ei hytte ved ein norsk fjord – fjell, sjø og, sjølvsagt, plenty med regn.

Då det var over og vi skulle levere nøkkelen, spurte ikkje vertinna om vi hadde hatt det fint. Ho flirte og spurte: Kva har de øydelagt?

Ein spøk – ja visst. Men noko kan fort gå i knas. Ein del av spora vi etterlet oss, er skåra etter det som har gått sundt. Ein del av dei spora livet etterlet i oss, er skåra etter det som har gått sundt – skår i gleda, sår i sinnet.

Når ein kjem litt opp i åra, kan det bli ein del å flikke på.

KINTSUGI

Sprekken

Mange skriv fint og godt om sprekken der lyset kjem inn, eller om japansk reparasjonskunst, kintsugi, der brotne kar og krukker limast saman att med gull og får høgare verdi enn då dei var heile.

Dette er sterk metaforbruk og sterk symbolikk, til trøyst og til å halde motet oppe og gå vidare.

Dei såra du har fått, det vonde du har opplevd, gjer deg til den du er, gjer deg verdifull – når du limer bitane saman med gull.

KARLSONS LIM

Reparatørane

Og alle i min alder veit at to reparatørar er betre enn ingen reparatørar, at livet heng i ein tynn tråd, og at mykje kan rakne.

Der eg vaks opp gjekk det ikkje så mykje i gull. Vi brukte vel helst Karlsons lim når ein hank var broten av og kjørel skulle vølast. Ikkje hadde kara og koppane så høg verdi heller, verken før eller etterpå. Nytteverdien stod høgare enn den estetiske.

POMPEL OG PILT

Som coach har eg heller ikkje rolla som verken Pompel eller Pilt,  sjølv om eg kjenner nok av folk som meiner at NLP er healing. Reparasjonane kan ein coach kanskje med fordel overlate til andre, t.d. legar, psykologar eller psykiatrar. Coachen si oppgåve er (etter mi meining) meir å rette blikket opp og fram for å finne gode løysingar, gode strategiar, gode og fremjande handle- og tankemønster, men òg å bidra til sjølvinnsikt, sjølvbilde, tiltru og motivasjon.

Når blikket vender bakover, er det for å hente opp og fram ressursar i form av erfaringar og tileigna kompetanse. Kva har du fått til? Kva har du vore igjennom? Kva har du lært?

I ein slik prosess er det fort gjort å støyte borti skåra. Mange som er kritiske til coaching og coachar, meiner og at faren er stor for å skjære seg på dei, rippe opp att sår som ein har brukt så lang tid og så mykje krefter på å dekke til.

KOR ER GULLET?

Gull

Og kor er gullet? Det er ikkje sikkert at det ligg oppe i dagen. Det kan vere vanskeleg å få auge på. Eller det kan koste for mykje, gruva ser ikkje ut til å vere drivverdig. Kanskje verkar det lettare å ty til Karlsons lim, klistre saman bitane, stå i det, ta det som det er, halde ut.

Ikkje til å kimse av det. Det ligg høg kompetanse i å tole mykje av det eit liv har å by på.

Likevel: Ingenting er så galt at det ikkje er godt for noko!

For meg har NLP alltid hatt, og har framleis, to sider:

Den eine sida er stråleglanssida, den som blendar, persondyrkinga og dyrkinga av individuell suksess, jakta etter einaren og etter å verte einaren. I verste fall: We’re only in it for the money eller dyrking av eigen narsissisme.

Den andre sida er gullgravarsida. Tanken at all erfaring kan gjerast om til god erfaring. Sjølv våre verste feilgrep og våre dårlegaste avgjerder kan vere kjelde til utvikling og vekst.

LIVSKUNST

Alkymi

NLP-basert coaching har gjort meg i stand til å oppgradere alle mine tidlegare erfaringar, til å gjere alt det unyttige og tilsynelatande meiningslause eg har kasta bort tid på, til noko eg kan ha både nytte og glede av. Og finn eg ikkje nytteverdien, så har eg i det minste ei god historie.

Så kanskje gullgravar er feil ord å bruke. Kanskje eg heller skulle kalle det alkymi.

Vi må lage gullet. Og vi må ikkje reparere antikke vasar, men lage nye av dei delane som er til disposisjon. Vi kan skape oss sjølv som kunst. Vakre, men ikkje reint dekorative. Livskunst.

Her kan du lese meir om NLP Practitioner

Tags: No tags

Add a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *