WHAT DID THE FOX SAY – OVERGANGAR

Amazing,Moment,,monarch,Butterfly,,,Caterpillar,,Pupa,And,Emerging,With

OVERGANGAR

Når eg sit og skriv dette, er hausten godt i gang. Det er ein av desse grå dagane med lågt skydekke og vind.

I beda framfor kontorvindauga har det meste blomstra av - eit par roser held framleis ut, og villvinen brenn i protest mot det uunngåelege.

Dette er sjølvsagt ein tullete måte å skrive på. Eg tillegg villvinen menneskelege eigenskapar, menneskeleg medvit.

Men av og til spør eg meg sjølv: Dersom eg hadde vore rose, ville eg då vite at eg skal bløme på nytt neste år? Eller ville eg tenkt at dette er overgangen til slutten?

ALT ER EIN OVERGANG

Vi veit jo alle at alt er ein overgang. Vi er i endring heile tida, alt endrar seg. Det einaste stabile er at alt er i endring.

Men nokre overgangar er tydelegare enn andre, og nokre gjer me tydelegare for å gi dei meir vekt, fylle dei med meir meining.

Menneske med visse psykiske lidingar kan merke skifte av årstider tydeleg på eigen kropp. Tilstanden forverrar seg ved overgangen til vår eller haust. Depresjon kan bli djupare når dagane vert mørke. I mange år merka eg overgangen frå månefase ny til ne på eigen søvn, fann meg att i myter om varulv og vampyrar. Også vi er natur. Krefter som verkar inn på himmel og hav, planter og dyr, verkar også inn på oss.

Når vi ser på plantene i hagen, veit vi at dei er midt inne i ein sirkel. Dei døyr om hausten og vaknar til live att neste vår, blømer og spreier sine frø, for deretter å døy på nytt.

EKSODUS

År etter år vandrar monark-sommarfuglen frå Canada og Alaska til Høglandet i Mexico på etteråret og vender tilbake i nord om våren. Trekket sørover varer 4 generasjonar. Ingen av dei som tar ut frå Canada om hausten, vil få oppleve det lova landet i sør. Likevel er dei i ein syklus, ein sirkel.

 

Kva med vår eigen sirkel? Opplever vi generasjonsskifta som vår syklus? Eller er vi på ei avgrensa tidsline – med definert start- og sluttpunkt?

Vi ritualiserer mange av våre overgangar, markerer dei for å gjere dei viktige. Fødsel, dåp, første skuledag, konfirmasjon, bryllup og gravferd er nokre av desse ritualiserte skifta. Tidlegare var konfirmasjonen, i tillegg til å vere ei stadfesting av dåpen, dvs. pakta med Gud, overgangen frå barn til vaksen, til det sjølv å skulle ta ansvar for eige liv, eigen økonomi, eiga utvikling. Det er ikkje vanskeleg å sjå at dette kan skape uro, tvil og kanskje bekymring.

Kva så med den overgangen som eg no byrjar nærme meg? Overgangen frå liv til død?

«Det er ingenting et fritt menneske tenker mindre på enn døden». Filosofen Spinoza sa cirka det, og levde etter det – og døydde relativt ung.

Og kva med den overgangen vi alle står midt oppe i nett no? Overgangen frå eit relativt stabilt samfunn med eit relativt stabilt klima til ein dynamikk som bryt inn over oss, heftigare for kvart år som går? Eventuelt overgangen til eit grønt samfunn med kostnader og endringar i levesett og konsum som det er enklare å fortrenge enn å ta inn over seg?

Kva treng vi for å takle overgangar?

BEHOVA

Vi treng tillit til at det vil gå bra.

Vi treng å få dekka våre grunnleggande behov: for autonomi, dvs. sjølv å kunne ta grep og gjere eigne val, påverke vår eiga utvikling; for meistring og kompetanse, dvs. merke at vi får det til og klarer oss; og behovet for gode relasjonar

Eg kjenner mange coachkollegaer som har spesialisert seg på ulike fasar i livet. Enkelte har fokus på barn og sjølvbilde/sjølvkjensle, andre har fokus på rolla som leiar, på jobb eller som forelder, medan igjen andre gir tilbod til dei som er ute av arbeidslivet, i pensjonisttilværet. Kanskje vel vi vektlegging og spesialisering ut frå kor vi sjølv står i livet, ut frå vår eigen fase.

Eg er sikker på at vi på kvart vårt vis bidrar til å bygge tillit og tryggleik i rolle, personleg vekst og fleksibilitet i mindset og handling.

Likevel undrast eg ofte på om vi tar det flyktige tilstrekkeleg på alvor, om vi i stor nok grad er medvitne om at det som er, snart ikkje er – i alle fall ikkje slik vi kjenner det.

Kanskje vi har for lite sesongmedvit og er for lineære når vi inviterer våre kundar til å utforske si tidsline?

Kanskje ville vi ha godt av eit perspektiv utanfrå – slik eg no betraktar rosa utanfor vindauga mitt?

Tags: No tags

Comments are closed.