NYHET HØSTEN 2021: RESILIENS OG STRESSMESTRING SEMINAR - NÅ ÅPEN FOR PÅMELDING
OM OSS KONTAKT BLOGG Dette skjer i BERGEN Dette skjer i STAVANGER Ålreite Samtaler Login

KVEN ER DU? "I CONTAIN MULTITUDES"

Kva tyder personleg utvikling for deg?

Sjølv trur eg å vite om meg sjølv at eg utviklar meg heile tida. Det å leve er å vere i ein konstant endringsprosess. Det er ikkje råd å ikkje endre seg. Personleg utvikling handlar ikkje om kor vidt eg skal endre meg eller ikkje. For godt vaksne menneske dreier det seg heller ikkje om kva retning utviklinga skal ta. Vi blir eldre, vi går forfall i møte, vi taper kapasitet, fysisk og kanskje òg mentalt.

Nei, slik eg ser det handlar personleg utvikling om å atterføde seg sjølv, definere seg sjølv stadig på ny, oppdage og hente fram nye sider og kvalitetar – å vere levande.

Eit viktig punkt her er sjølvsagt personlege eigenskapar, oppøvde evner og meistring. Kva kan eg lære i dag som eg ikkje kunne i går? Kva situasjonar og menneske kan eg handtere betre i dag enn i går? Korleis kan eg lære å...

Continue Reading...

Nye Livsperspektiv eller Now Let's Play - Kva er NLP?

For ein del år tilbake kjøpte eg ei bok av Gilles Deleuze med tittelen «Kva er filosofi?». Av alle dei bøkene eg har lese, er det nok den eg har forstått minst av. Eg tvilar på om eg skjøna meininga med ei einaste setning. Der var som om boka var skriven for ein hemmeleg losje og kryptert for at ingen annan skulle få tilgang.

Det er no snart 20 år sidan vi starta opp vår NLP-baserte verksemd, Ålreit Coaching- og kompetansesenter, her i Vikebygd, på ei tid då coaching var noko framandt og NLP noko ingen hadde høyrt om. Mange av våre sambygdingar heldt oss nok for å vere ei sekt.

I dag er coaching godt etablert på alle nivå i samfunnet, dei fleste kjenner ordet og kan knyte det opp til noko. Ikkje fullt så mange kjenner kanskje til  kva som ligg i NLP (NevroLingvistisk Programmering).

KVA ER NLP?

Korleis kan eg altså freiste ei forklaring som...

Continue Reading...

VENDEPUNKT - INNSIKT I UTDATERTE MODELLAR

Eit lite bidrag om korleis det kan oppstå vendepunkt i livet ditt, om endring og sanning, personleg utvikling og vekst.

 

Du har kanskje opplevd det, du òg? Det oppstår eit augeblikk i livet ditt, som endrar alt. Du veit med heile deg at etter dette vil du aldri meir være den same, du vil aldri meir føre det livet du hittil har gjort.

Eksistensielle kriser kan ha den effekten på oss, alvorleg sjukdom, tap av nokon som står oss nær, eller det at eit mønster som har sige umerka inn på oss og hylla oss inn i ei tåke, gjort oss sløve og likeglade, får ei rift og opnar for eit glimt av blå himmel og eit friskt pust av vind.

 

MØTET SOM ENDRAR ALT

Men det kan også være eit «tilfeldig» møte med eit anna menneske, forelsking, sjølvsagt, eller møtet med ein karismatisk guru med tilbod om løysingar som dekker eit behov du brått...

Continue Reading...
Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.