VENDEPUNKT - INNSIKT I UTDATERTE MODELLAR

Eit lite bidrag om korleis det kan oppstå vendepunkt i livet ditt, om endring og sanning, personleg utvikling og vekst.

 

Du har kanskje opplevd det, du òg? Det oppstår eit augeblikk i livet ditt, som endrar alt. Du veit med heile deg at etter dette vil du aldri meir være den same, du vil aldri meir føre det livet du hittil har gjort.

Eksistensielle kriser kan ha den effekten på oss, alvorleg sjukdom, tap av nokon som står oss nær, eller det at eit mønster som har sige umerka inn på oss og hylla oss inn i ei tåke, gjort oss sløve og likeglade, får ei rift og opnar for eit glimt av blå himmel og eit friskt pust av vind.

 

MØTET SOM ENDRAR ALT

Men det kan også være eit «tilfeldig» møte med eit anna menneske, forelsking, sjølvsagt, eller møtet med ein karismatisk guru med tilbod om løysingar som dekker eit behov du brått oppdagar at du har, som fyller rommet rundt deg med meining.

Sjølv har eg opplevd dette, meir og mindre radikalt, i møte med bøker. Sist det skjedde ligg rett nok ein del år tilbake. Eg hadde hatt eit oppdrag i Oslo og måtte slå i hel nokre timar medan eg venta på flyet som skulle ta meg heim at. Eg stod utanfor Tronsmo bokhandel, den gong i Kristian Augusts gate, og studerte utstillingsvindauga. Det som fanga blikket mitt var ein stor raud Q på grå bakgrunn. Eg visste med ein gong at den boka må eg undersøke, ho tala til meg. Tittelen på boka var «Quiet. The Power of Introverts in a World That Can’t Stop Talking.» Forfattaren var Susan Cain, eit heilt ukjend namn for meg. Alt då eg først heldt boka i handa og bladde i henne inne i butikken, visste eg at min eigen introversjon heretter ville vere kanskje min største ressurs.

Dette møtet fann stad langt ute i livet mitt. Eg hadde alt samla mykje erfaring, ein del kunnskap og var relativt stabil og etablert i mitt livssyn, mitt bilde eller min modell av verda. Eg hadde kart som fungerte, mange ville kanskje seie at eg var vaksen eller moden.

 

BOKA SOM ENDRAR ALT

Mange år tidlegare, sommaren 1980, i eit antikvariat for amerikanske ryggsekkturistar i landsbyen Panajachel ved Atitlánsjøen i høglandet i Guatemala, var situasjonen ein heilt annan: Eg er ung, på leit, på mange vis kanskje driven eller desperat. I ei bokhylle står ei unnseleg lita pocketbok, også grå i fargen, full av eseløyre og fett frå framande fingrar – «Think on These Things», Krishnamurti.

Vendepunktet vibrerer i meg enno den dag i dag.

Seinare oppdaga eg at Krishnamurti hadde ein stor tilhengjarskare, sin eigen internasjonale «kyrkjelyd». Året etter hamna eg midt opp i denne store fanklubben i Sahnen i Sveits. Krishnamurti tala til sine disiplar i eit stort telt, fullt av andektige tilhøyrarar på jakt etter sanning og meining. Eg sovna i det teltet kvar dag, midt under seansen, eit respektlaust «enfant terrible» - med eit skrikande behov for å skilje meg frå og halde avstand til den hjernevaska flokken.

Kvifor bruker eg no så lang tid på å fortelje om mine private minne og opplevingar?

Fordi eg er av den meining at personleg utvikling og personleg vekst finn stad i slike møte.

 

FORMÅLET MED COACHING

Formålet med coaching er å skape nettopp det, personleg utvikling, nye innsikter om seg sjølv og verda, læring. Coaching skal gi impulsar til og opne eit rom som kan fyllast med meining. Når coaching er på sitt beste, oppstår det AHA-augeblikk, spontan og intuitiv innsikt. Og alle som har opplevd slike vendepunkt, veit at dette er knytt tett opp mot det vi kan kalle lykke og, ikkje minst, den lette kjensla av fridom som nye perspektiv og tilgjengelege alternativ kan gi.

Det coaching ikkje leverer, er sanning eller oppskrifter, i alle fall ikkje coaching slik eg definerer det.

Her skil kanskje coaching seg frå empirisk psykologi og empirisk basert åtferdsterapi som er ute etter å finne allmenne læresetningar og repeterbar tilnærming som generelt skal gi same resultat kvar gong.

Det er mogeleg at eg tar feil her, men slik eg oppfattar det, er empirisk psykologi ute etter å kartlegge det som er felles for alle menneske, observerbare fenomen som ikkje oppstår ein gong, men ofte eller kvar gong. Dette er viktig kunnskap som kan hjelpe oss til å bygge opp sunne og glade individ og fellesskap, t.d. med tanke på familie og barns utvikling, skule, god og prestasjonsfremjande kultur i organisasjonar.

 

BRUK AV MODELLAR I COACHING

Som coach har eg tilgang til eit stort verktøyskrin, eit breitt utval av metodar og modellar, strukturar som eg arbeider etter og som eg tilbyr mine kundar som hjelpemiddel.

 

Ein god del av desse verktøya og modellane er av eldre dato. Eg låner litt her og stel litt der. Til dømes nyttar eg ein grunnleggande kommunikasjonsmodell som sikkert er like gamal som meg sjølv, ein modell som vart utvikla i ei tid då forsking og teknologi var på eit heilt anna nivå enn i dag. Mange teoriar og innsikter er utdaterte sidan den gong, vi har lært nye ting om mennesket og har nye metodar for å innhente slik kunnskap.

Dermed kan eg i dag ikkje hente fram ein modell frå 1950-talet og påstå at slik fungerer vår kommunikasjon (eller endå verre: slik fungerer hjernen vår).

Det eg kan tilby er å halde opp ein modell eller eit verktøy og invitere til å undersøke om den skapar gjenkjenning eller resonans. Synleggjer modellen strukturar i din eigen situasjon, i ditt eige liv? På kva vis kan eit verktøy gi meining?

Dersom min kunde finn ei slik meining, opplever å finne løysing på eit problem, eller at mål blir lettare å nå, er det meir enn nok for meg. For meg er coaching ein pragmatisk disiplin. Evidens er bra, synlege resultat er bra. Men det som gir deg effekt, må ikkje gi neste kunde effekt.

Som coach er eg ikkje på jakt etter det generelle, men på jakt etter dei individuelle erfaringane til kvar enkelt – og til den betyding som kvar enkelt knyter opp til sitt unike utval av erfaringar. Vi er unike fordi vi heile livet gjer ulike erfaringar. Vi er unike fordi vi skaper meining gjennom seleksjon – vi vel kva for erfaringar som skal ha betyding – og gjennom å tolke utvalet.

 

HALDNINGA

Derfor seier vi at berre du er ekspert på ditt liv. Derfor gir eg som coach ikkje råd og kjem eg ikkje med 10 gode tips om kordan du skal nå dine mål, oppnå det gode liv.

Slik eg ser det, er det viktig å utvikle skepsis til påstandar om at noko verkar. Det er den vitskaplege haldninga: Leit etter det som motbeviser sanninga. Det er føresetnaden for å kome vidare.

 

PERSONKULT OG FANKLUBBAR

Eg har vorte inspirert av mange opp gjennom åra, har hatt og har sterke rollemodellar. Eg har òg ein sterk aversjon mot ultimate verktøy som vil gi deg svaret på alle spørsmål, løysinga på alle problem. Og eg har ein sterk aversjon mot persondyrking, personkult og fanklubbar.

For min del kan rockestjerner og fotballag ha fanklubbar. Eg kan like musikken og spelet, eg kan, men eg treng ikkje vere medlem.

 

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.