NYHET HØSTEN 2021: RESILIENS OG STRESSMESTRING SEMINAR - NÅ ÅPEN FOR PÅMELDING
OM OSS KONTAKT BLOGG Dette skjer i BERGEN Dette skjer i STAVANGER Ålreite Samtaler Login

Sitt heilt i ro - eller bryt ut av størkna mønster?

Uncategorized Feb 08, 2021

No ligg den vesle båten min fast i isen. Heile vika har frose til, isen er tjukk.

Det vil helst gå bra dersom båten får ligge i ro, utan å gnikke for mykje mot dei skarpe kantane. Truleg kjem han frå det utan sår, og snart får me mildvær og før eller seinare ein ny vår.

Enn så lenge lyt eg gi avkall på det båten ville gitt meg tilgang til: fine timar på sjøen, ferdatorsken som no trekk inn i fjordane, lekker sjølvfanga mat.

Men det er berre å akseptere. Og eg vil overleve det.

Verre er det med andre ting som størknar eller frys til i livet, særleg når ein kjem opp i ein alder der ein ny vår ikkje utan vidare er sjølvsagt:

  • etablerte vanar og ritual
  • ferdige tankar og emosjonelle reaksjonar som går på repeat

Det er fort gjort at faste mønster legg seg som is rundt oss, tar grep og held oss fast i det urørlege, ofte ein umerkeleg prosess, me kan vakne ein morgon og oppdage at me sit fast, at me ikkje vil kome oss fri av eiga kraft, og at det vil skade og såre oss å om me skulle driste oss til å forsøke.

For mange er dette eit bittert augeblikk: Eg sit fast i eit liv som ikkje lenger gir meg anna en tom kulde. Eg er nøydd til å følge rådet til Vestlandsfanden: Sitt heilt i ro.

Me veit jo at mønster, gode vanar, ritual, automatiserte forløp på den eine sida gjer oss i stand til å planlegge, gir oss tryggleik og ei til ein viss grad føreseieleg framtid.

Gode mønster er ein viktig del av det me gjerne kallar komfortsonen, og den er ikkje til å kimse av – me treng alle ein solid komfortsone, ein trygg base å operere ut frå.

For det andre gjer gode mønster oss meir effektive, det er økonomisk rett å ha eit velfungerande mønster, mindre energitappande, raskare, gir betre måloppnåing.

Men alt er i endring. All vin blir til eddik når den får stå lenge nok. Effektive mønster blir gjerne til stengsel, heng ikkje med i utviklinga.

Eg sjølv har naturlegvis også mine mønster. Ein del kan vere nyttige, ein del berre skrap. Ein del ser nok partnaren min tydelegare enn meg.

Musikkoppleving er eit godt døme. Personleg meiner eg at det etter 1980 (med få unnatak som stadfester regelen) ikkje har blitt produsert pop/rock som det løner seg å lytte til. Eg forstår ikkje bodskapen, tekstane, rytmane, idioma i nyare musikk. Når eg er for meg sjølv, hentar eg fram god gamal prog rock, Neil Young og Bob Dylan og veit at dette er ein del av meg, av mine erfaringar og identitet. Eit filter som eg monterer framfor alle nye inntrykk.

Dette er for så vidt heilt ok. Eg kan kokettere med det, hente det fram på same vis som ein som i alle gode lag dreg fram flyskrekken sin for å få merksemd rundt ei god historie.

Men kva om det ikkje berre gjeld musikksmaken min? Kva om tankane mine, mi forståing av verda og menneska i den heng fast i tilsvarande mønster frå ei faren tid?

Korleis kan eg vere trygg på at det eg trur og tenker ikkje har frose fast, stivna i noko hardt som kanskje aldri vil tine av seg sjølv?

Det kan eg ikkje vere trygg på.

Derfor er det eit viktig momentum når den bitre kjensla, ubehaget, dukkar opp. Det er augeblikket då det umedvitne syner seg, augeblikket som gjer oss i stand til å ta grep.

Kan hende sit me då så fast at me ikkje kjem oss laus utan skade, utan høge kostnader, med mindre me kan få hjelp utanfrå.

Det gjeld altså å halde råkene opne, ikkje la isen legge seg og stenge vegen til ope hav.

Korleis kan eg oppdage, bli medviten på mønster (tankemønster, reaksjonsmønster, handlemønster) som endrar kvalitet, som er i ferd med å gå over frå å fremje meg til å hemme meg?

Her kan coaching vere eit godt svar. Kritiske spørsmål, impulsar og utfordring frå ein som står på utsida av ditt mønster, som ikkje er fanga av dine rammer, som ikkje opplever verda gjennom dine briller, dine filter.

Ein god coach vil støtte deg, bygge deg opp, leite fram dine sterke sider, heie på deg og motivere deg.

Men ein god coach vil også utfordre deg og stille spørsmål ved dine etablerte sanningar.

Ein coach skal vere ein av isbrytarane som held råkene opne, slik at du kan setje deg i rørsle no og ikkje må vente til våren.

Prosessen med å jakte etter mønster som held tilbake og hemmar, kan me kalle sjølvutvikling. Dersom me hentar det ut frå ein privat samanheng, kan me kalle det leiarutvikling, og dersom me hentar det opp frå individnivå, kan me kalle det bedriftsutvikling, organisasjonsutvikling og samfunnsutvikling.

Ingenting av dette skjer ein gong, men igjen og igjen. Når du bryt opp og ut av eit mønster, etablerer du eit nytt, som du då seinare må bryte ut av.

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.