OM OSS KONTAKT BLOGG Dette skjer i BERGEN Dette skjer i STAVANGER Ålreite Samtaler Login

Nye Livsperspektiv eller Now Let's Play - Kva er NLP?

coaching endring nlp Jun 05, 2021

For ein del år tilbake kjøpte eg ei bok av Gilles Deleuze med tittelen «Kva er filosofi?». Av alle dei bøkene eg har lese, er det nok den eg har forstått minst av. Eg tvilar på om eg skjøna meininga med ei einaste setning. Der var som om boka var skriven for ein hemmeleg losje og kryptert for at ingen annan skulle få tilgang.

Det er no snart 20 år sidan vi starta opp vår NLP-baserte verksemd, Ålreit Coaching- og kompetansesenter, her i Vikebygd, på ei tid då coaching var noko framandt og NLP noko ingen hadde høyrt om. Mange av våre sambygdingar heldt oss nok for å vere ei sekt.

I dag er coaching godt etablert på alle nivå i samfunnet, dei fleste kjenner ordet og kan knyte det opp til noko. Ikkje fullt så mange kjenner kanskje til  kva som ligg i NLP (NevroLingvistisk Programmering).

KVA ER NLP?

Korleis kan eg altså freiste ei forklaring som unngår det sekteriske og kryptiske?

For meg er NLP mellom anna:

  • Verktøykasse for alle som ønsker å kommunisere betre (med seg sjølv og med andre), som ønsker å vere i ein kontinuerleg læringsprosess, oppdage livet og verda stadig på nytt.
  • Eit hjelpemiddel for alle som vil bli meir kjend med seg sjølv, sine reaksjonar og handle-/tenkjemønster.
  • Ei skattekiste for alle som set pris på å ha alternativ, på å kunne velje sjølv og sjølv vere ansvarleg (og ha æra) for resultatet.

 

Kanskje er vi våre synapsar. Alt i mors liv badar vi i sanseinntrykk. Nervecellene våre er frå første stund utsette for ytre påverknad. Etter kvart koplast det vi høyrer, kjenner (seinare kanskje: smakar, luktar, ser) med det vi kan kalle vår rasjonalitet. Vi set ord og tankar på det, og vi får tyding, tolking, forståing – det vi kan kalle vår modell av verda, eller røynda, om du vil. Våre mønster. Våre program – på godt og vondt.

Vår oppleving vert transformert til kjemisk/elektriske prosessar i hjernen vår, og denne erfaringa inngår i og skaper vårt system.

Og vårt system er i stadig endring, fordi vi stadig gjer nye erfaringar, opplever nye ting, lærer nye ting.

Det er det som er det fantastiske ved å leve – vi endrar oss heile tida.

Til det treng vi sjølvsagt ikkje NLP. Det får vi gratis. Men NLP kan bidra når vi skal setje ord på, tolke og tyde, erfaringar og formulere ønska retning for endringa.

ALTERNATIV 

Eit enkelt døme:

To elevar på VG3, same klasse, same lærar.

Den eine seier:

«Så uheldig kan ein vere. Læraren er ein dritsekk og utan pedagogisk innsikt. Eg kan ikkje lære når eg vert behandla så dårleg.»

Den andre seier:

«Så uheldig kan ein vere. Læraren er ein dritsekk og utan pedagogisk innsikt. Når han behandlar meg så dårleg, må eg ta hemn ved å lære spesielt bra.»

 

Eit tredje alternativ kunne vere:

«No har eg vore heldig! Læraren er ein dritsekk og utan pedagogisk innsikt. No har eg endeleg høve til å vise kva som bur i meg!»

 

Men det er kanskje å ta det litt vel langt?

 

Du kjenner kan hende fotballspelaren som sa: «Eg spelar best når publikum hatar meg. Jo meir dei buar meg ut, desto betre vert eg.»

 

Eg trur at for min eigen del er det bra å ha slike val. I dette eksempelet er det jo lett å vite kva alternativ som er best – det er dessverre ikkje alltid slik. Mykje kan gå galt, og vi har ingen garanti. Likevel er det, etter mi subjektive meining, betre å ha eit val enn ikkje å ha eit val.

Sjølv om det naturlegvis er enklare ikkje å ha eit val.

Dersom eg må, så må eg.

Dersom er kan, så vil eg, fordi eg kan.

Dersom eg vil, så kan eg.

 

NLP dreier seg i stor grad om å gjere seg sjølv i stand til å velje: korleis eg formulerer meg (verbalt og med kroppsspråk), korleis eg responderer på dei situasjonane og menneska eg møter, og korleis eg tolkar og legg meining på det som skjer og har skjedd.

 

Dette er NLP for meg. Og når eg legg på eit nyfikent blikk, hender det av og til at det oppstår ei kjensle av lykke. Som jo også er eit val, ikkje sant?

 VAL

 Når det er sagt, så er det ein del som meiner at eit menneske kan bli sjukt av å ha for mange val.

Andre meiner at eit menneske kan verte sjuk av å ha to alternativ, av å stå i eit dilemma, av å slitast mellom anten og eller, særleg dersom valet er knytt opp mot sterke emosjonar.

Kva meiner du?

 

Du kan lese mer om våre utdanninger i NLP og coaching her: Utdanninger

 

 

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.