KVEN ER DU? "I CONTAIN MULTITUDES"

Kva tyder personleg utvikling for deg?

Sjølv trur eg å vite om meg sjølv at eg utviklar meg heile tida. Det å leve er å vere i ein konstant endringsprosess. Det er ikkje råd å ikkje endre seg. Personleg utvikling handlar ikkje om kor vidt eg skal endre meg eller ikkje. For godt vaksne menneske dreier det seg heller ikkje om kva retning utviklinga skal ta. Vi blir eldre, vi går forfall i møte, vi taper kapasitet, fysisk og kanskje òg mentalt.

Nei, slik eg ser det handlar personleg utvikling om å atterføde seg sjølv, definere seg sjølv stadig på ny, oppdage og hente fram nye sider og kvalitetar – å vere levande.

Eit viktig punkt her er sjølvsagt personlege eigenskapar, oppøvde evner og meistring. Kva kan eg lære i dag som eg ikkje kunne i går? Kva situasjonar og menneske kan eg handtere betre i dag enn i går? Korleis kan eg lære å styre eller velje mine (emosjonelle) reaksjonar på utløysarar som eg ikkje har hand om? Og, veldig viktig, korleis kan eg få til å ta mine val ut ifrå ein god mental tilstand og ikkje frå ein dårleg?

Kva kan eg utvikle for å gjere ting annleis?

For å bli best?

For å bli den beste versjonen av meg sjølv?

For å prestere betre?

For å vere god nok?

For å finne meining og lykke?

For å kjenne at eg er i live og dynamisk?

 

Nøkkelen til å lukkast med ønska endring, ønska personleg utvikling – det er i alle fall mi meining – ligg i måten eg tenker på meg sjølv og mitt potensial på, mine overtydingar om meg sjølv, kven eg vil og kan vere.

 

THE ONE WHO ISN’T BUSY BEING BORN IS BUSY DYING

Det kanskje største hinderet for ønska endring er tanken: «Sånn er det bare! Sånn er jeg bare!»

Så korleis kan eg finne ut kva som bur i meg, kva som er mitt potensial?

Her er det kanskje på sin plass med eit orakelsvar: Kjenn deg sjølv! Du skal bli den du er!

Mange som medvite innlèt seg på coachingprosessar med personleg utvikling som mål er på jakt etter sin eigen kjerne. Når eg stiller spørsmålet: «Kven er du når du har nådd målet ditt?», svarar dei: «Meg sjølv!»

For ein del år tilbake irriterte eg meg grøn over ein gjesteførelesar eg hadde invitert inn på eit av mine kurs, ikkje fordi ho ikkje gjorde sine saker bra, men fordi ho  brukte ein metafor som eg opplevde som heilt bak mål. Ho sa at det gjeld å finne kjernen i seg sjølv, som når du skreller ein løk, fjerne lag etter lag for å kome inn til det inste. Det oppstod mange stygge tankar i hovudet mitt, som: «Du har vist aldri laga mat.» Eller: «Du har visst aldri høyrt om Peer Gynt og om at det ikkje er mykje att etter skrellinga.» Men det hadde visst ikkje kursdeltakarane heller, så skandalen let vente på seg.

Kanskje var ikkje metaforen så ille likevel. Kanskje er det laga som er viktige. Eller som Georg Johannesen sa (sitert etter minnet): «Giften ligger ikke i pillens bitre kjerne, men i dens søte skall»

Lat oss derfor ta for oss visse lag for å sjekke ut kva potensial for endring som ligg i dei.

Eg føreslår å starte i antikken sidan eg viste til orakelet i Delfi i stad.

DU ER DET DU TENKER

Dette er ein bodskap som seiest stamme frå den romerske keisaren Marcus Aurelius. Om eg har skjøna han rett, så såg han på det spesifikt menneskelege som vår evne til å bruke fornuft. Når vi let fornufta styre oss, vil vi kunne takle og stå i det meste. Det gjeld å ha dei rette tankane, dvs. dei som svarer til det fornuftige.

Kva tankar vil eg halde fast ved? Kva tankar er fornuftsstridige og kan eg late fare?

Dette laget handlar om kognitiv sortering og val. Og her har både du og eg mykje å ta av. Ein treng ikkje å ha levd særleg lenge for å ha hatt mange tankar i hovudet. Utvalet er stort.

 

DU ER DET DU HAR SPIST

I sommar har eg ofte tenkt tilbake til oppveksten og somrane eg var på hytta hjå besteforeldra mine, fulle av varme og sol, blåklokker og prestekrage. Bestemor serverte rømmekolle med knust kavring og heimelaga is – som var best i verda. Eg har aldri seinare fått betre iskrem. Og kjøttkakene. Best i verda. Mor var heller ikkje dårleg til å lage mat, men ho kom aldri opp på nivå med bestemor.

Seinare i livet har eg ete mykje, mange vil seie for mykje, av både godt og vondt. Eg har aldri vore redd for å prøve ukjende rettar, eller for sjølv å eksperimentere.

Likevel vel eg bort den kalde, avkokte makrellen som òg kom på bordet på sommarhytta til bestemor, grøn kumage frå kjøtmarknadene i Peru, kald hjerne frå geit i Marokko, osv.

Eg treng ikkje ta med alt vidare.

 

DU ER DET DU HAR LESE/DEI FILMANE DU HAR SETT

Her er det òg mykje å hente. Det byrja med Donald, Mikke og Spøkelseskladden, Kaptein Miki i Vill Vest og Lynvingen. Seinare balla det på seg.

Om eg skal peike på spesielle titlar frå tidleg i tilværet og den raude tråden som går gjennom livet mitt, kan det være:

Hemmelig reise

Ingenting er som fjellet

Første reis med Uredd

Mio min Mio

Og ikkje minst Brødrene Løvehjerte, som eg framleis les om og om igjen og aldri vert ferdig med.

Helterolla til Kavring er kanskje det som i aller høgaste grad symboliserer personleg utvikling for meg. Fordi eg er svak, kan eg oppvise styrke. Fordi eg er redd, kan eg vise mot.

Men bøkene og filmane er fulle av andre heltar og rollemodellar: Morgan Kane har gitt meg mine psykopatiske trekk, frå Dirty Harry har eg henta mitt steinandlet og min nevrotisisme har eg reindyrka etter å ha sett Manhattan.

Kjeldene er rike, nærast uuttømmelege. Det er berre å velje og vrake.

 

Slik kunne eg halde fram, med t.d. DU ER DEN MUSIKKEN DU HØYRER, DU ER DEI DU ER SAMAN MED (SI MEG HVEM DU OMGÅS, OG JEG SKAL SI DEG HVEM DU ER), DU ER DINE SYNAPSAR.

 

Når du på vegen vidare, uavhengig av om du har ein visjon, eit klårt definert mål eller berre skal segle etter vinden gjennom livet ditt, kaster eit blikk bakover, på det du har tenkt, på det du har ete, på det du har lese og sett, på det du har opplevd og erfart, vil du finne ein rikdom utan like. Du vil finne læremeistrar, støttespelarar og mentorar, og masse, masse historier. Du vil finne høve til å tolke og evaluere, og til å bygge, lag på lag. Alt dette er deg, du kan gjere livet ditt om til eit skrin fullt av legoklossar, bygge, rive ned og bygge på nytt.

Du vil finne det du leitar etter. Og det aller beste er: Du kan tenke nye tankar, ete nye rettar, lese nye bøker, sjå nye filmar, møte nye menneske. Du kan skape meir fortid som kjelde til kraft, mot og glede. Du kan skape meining. Og du kan halde deg levande.

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.