OM OSS KONTAKT BLOGG Ålreite Samtaler Endelig i Stavanger Login

IRRITASJON OG ISFJELL – EIT LITE BIDRAG OM VERDIAR OG INTEGRITET

Uncategorized Mar 13, 2021

Er du ein av dei som går og kjenner på irritasjon eller kanskje til og med sinne når du møter folk som gjer det motsette av det dei seier? Ein av OSS, burde eg vel seie – for eg har det slik.

Eg kan bli utruleg irritert, nesten hatefull, når menneske eg kjenner eller er i lag med legg ut om kor viktig t.d.

«raushet»

er, og så opplever eg at dei brukar all si tid på å grave til seg så mykje dei klarer, utnyttar kvart bidige høve til eigen fordel, kritiserer andre for den minste feil.

 

AMBIVALENS I RAUSHETENS TID

På den eine sida seier dei

«Vis frem ditt unike jeg!»

for i neste augeblikk å rynke på nasa over og vende ryggen til alle som ikkje svarer til deira eige ideal om det vakre og det vellukka. I neste post på sosiale media vil dei kanskje resirkulere ei tavle med teksten:

«Ikke omgi deg med mennesker som er negative!».

Vel, det får meg til å bli veldig negativ. Eg kjenner at min eigen sjenerøsitet fordunstar i lufta, at eg vil vende meg bort og aldri ha noko meir med dei å gjere.

Og så søkk sjølvsagt sjølvbildet mitt som ein stein - når eg ikkje gjer det, når eg ikkje vender dei ryggen, når eg held tilbake og ikkje er ærleg (noko som er viktig for meg).

Kan hende er det slik at irritasjonen min, sinnet som veks i meg, skuldast det vi kallar projeksjon eller overføring?

 

OVERFØRING

Gjenkjenner eg meg sjølv i dei andre? Er det min eigen skugge som rører ved meg, dei sidene ved meg og i meg som eg ikkje lever ut, eller som ikkje har lov til å vere der?

Når eg personifiserer mine ulike sider, er det lett å sjå at «mitt ærlege eg» er omgitt av ein heil del andre karakterar, t.d. «mitt rasjonelle eg», «mitt ambisiøse eg», «mitt konfliktsky eg», osv. Av og til kan det verke som om «mitt ærlege eg» har husarrest med absolutt kontaktforbod til omverda.

Dette dreier seg om verdiar – og om det å vere menneske, eit ambivalent vesen i spennet mellom motstridande interesser, tankar og kjensler.

Kjenner du nokon som lever opp til sine verdiar, som lever ut sine verdiar? Eg gjer det ikkje.

«Og vi må jo ha lov til å kose oss litt innimellom, ikke sant?»

Ofte blir isfjellmodellen brukt for å forklare kva verdiar er, korleis dei syner seg og kor dei kjem frå.

 

ISFJELLMODELLEN

I denne modellen utgjer vassoverflata grensa for vårt medvit. Det som er over vatn er vi medvitne om og har kontroll på. Det som er under vatn, den største delen, blir vi kontrollerte av, som regel ved at det oppstår kjensler i oss, eller impulsar til å gjere eller la vere å gjere noko, utan at vi kan setje fingeren på kva det er som utløyser det.

Dei medvitne verdiane våre kan vi forholde oss rasjonelt til. Vi kan ta dei opp til vurdering, velgje og vrake.

Er «raushet» noko som er relevant for meg i livet mitt i dag? Er dette ein verdi eg vil fronte? Kva vil det då seie i praksis?

Du har sikkert høyrt spørsmålet: «Har du pakket kofferten din selv?»

Dei verdiane du har plukka ut og sagt at dei skal gjelde for deg, er dei du har pakka sjølv. Dei skal vere drivarane dine, dei som bygger opp under den du er, og skal vere, dei som motiverer deg, dei som andre skal sjå og oppleve når dei møter deg.

I prinsippet er dette enkelt og likefram. Vareopptelling. Kasser det som har gått ut på dato.

Hadde det berre ikkje vore for det som ligg i skuggen, det som sit i husarrest, den store, treige massen under havoverflata.

 

TITANIC

 Når isfjellmodellen er den vi nyttar for å skjøne og utvikle drivarane våre, kan prosjektet «walk-the-talk» fort bli eit nytt Titanic.

Eg vil no kome med ein påstand som du kanskje vil oppleve som provoserande og avvise heilt:

Trugsmålet går ikkje ut frå den store delen av isklumpen som er usynleg under vatn. Det som trugar vår integritet er over havoverflata.

La meg grunngi denne påstanden ved å bruke fotballen som eksempel.

I fotball dreier det seg om å vinne kampar og titlar.

I denne samanhengen - og våre medvitne verdiar er alltid kontekstbundne - er prestasjon, innsatsvilje, pågangsmot, men også lagånd, samhald og lojalitet viktige verdiar.

Desse kan imidlertid fort kome i konflikt med verdiar som fair play, respekt for reglar, respekt for motstandar osv.

Dermed blir det i fotball fort rett å filme seg til ein straffe, å provosere motspelarar til ulovleg handling som fører til raudt kort, osv.

Dette høyrer med til den profesjonelle rolla til ein fotballspelar, berre tenk på Maradona og «Guds hånd» i VM i Mexico i 1986.

INTEGRITET

Og så finst det sjeldne tilfelle der fotballspelarar bryt med profesjonaliteten og handlar irrasjonelt, slik Arne Larsen Økland for lenge sidan gjorde det i ein avgjerande kamp mellom HSV og Bayern München. Han fall innanfor 16-meteren, vart tildømt straffespark, men gjekk opp til domaren og sa: Det var ikkje straffe.

For meg er dette ekte integritet. Eg trur at det her var ein refleks frå djupet som slo inn, Arne Larsen Økland visste instinktivt kva som var rett og galt, utan å måtte gå omvegen om sitt rasjonelle eg.

Kanskje var det foreldra hans, eller besteforeldra, eller ein streng lærar på folkeskulen som hadde pakka kofferten hans, og så sto brått ei side ved personen fram i lyset – med rollemodellkvalitet.

Dei umedvitne verdiane våre, dei som skaper kjensler på godt og vond, dei som får oss til å handle eller hindrar oss i å handle – på godt og vondt – er det vertikale elementet i samfunnet vårt.

Dette elementet har mange namn: samvit, skam, ryggmargsrefleks, moral, Jantelov.

Når dette elementet manglar, vert vi heilt avhengige av kodeks, etiske reglar, lov og direktiv.

Samfunnet vårt er inne i ei sterk utvikling i den retning. Politikk erstattast av lovverk og forordningar.

 

HVEM HAR PAKKET KOFFERTEN DIN?

Når våre verdiar er noko som forhandlast på det horisontale planet – mellom søstrer og brør – er det fort gjort at det er rasjonaliteten vår som pakkar kofferten:

Kor skal reisa gå i dag? Kva løner det seg å ta med?

Vil eg ha glede/nytte av å vere raus i dag? Eller er det meir opportunt å ta med mine kyniske kvalitetar?

Vi er ekspertar på å føre oss sjølv bak lyset, og det er greitt nok. Mennesket er eit ambivalent vesen. Vi har alle våre skuggesider. Vi får vere rause nok til å akseptere det. Vi er GOD NOK likevel.

Men eg personleg treng det vertikale elementet. Eg treng ryggmargsrefleksen. Eg vil ikkje leve i eit samfunn utan ryggmargsrefleks.

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.