OM OSS KONTAKT BLOGG Dette skjer i BERGEN Dette skjer i STAVANGER Ålreite Samtaler Login

HELT I EGET LIV - OM Å TA MEDVITNE VAL

coaching helt i eget liv Aug 10, 2021

Det er snart stortingsval. Vi skal velje våre representantar, våre nasjonale politiske leiarar. For mange er dette viktig – det er viktig å leve i eit samfunn med frie val, og det er viktig at eg har rett til å gi mi stemme (og kan gjere det fritt og anonymt).

Stortingsvalet er noko alle norske statsborgarar må relatere seg til. Du kan ikkje ikkje velje. Det å ikkje avgi stemme ved stortingsvalet er også eit val. Ok, du kan gløyme det ut eller forsove deg (dersom du har eit særs godt sovehjarta), eller du kan brekke foten og hamne på nødmottaket i staden for ved valurna, men dette er unnataka som stadfester regelen.

Som elles i livet må du ta eit val. Frå du er stor nok til ikkje å la andre bestemme over deg (om lag der du lyttar til Karius og Baktus: «Ikke gjør som mora di sier!»), går du frå eit val til det neste, og alle val får konsekvensar, større eller mindre.

 

MYNDIG

Det å vere myndig vil seie å vere seg medviten sine val, og å ta ansvar for dei.

No i haust skal eg halde eit seminar med tittelen «Helt i eget liv». Denne tittelen er, som du sikkert har sett, eit ordspel der den eine sida inviterer til «oppmerksomt nærvær», å vere heilt til stades i eige liv.

Den andre sida inviterer til å ta medvitne val, bygge opp integritet, mobilisere personlege eigenskapar som t.d. mot og kreativitet, men også empati og medkjensle – kort sagt til å ta og fylle ut rolla som helt i eige liv.

 

RISIKO

Dette inneber sjølvsagt risiko. Når du står opp for deg sjølv og det du trur på og brenn for, kan utfordringane hope seg opp, miljøet ditt kan vende seg mot deg, du kan oppleve meir motgang enn medgang. Ein helt våger å stå aleine, men veit samstundes: «Når eg er open, venleg og tilgjengeleg, vil gode hjelparar dukke opp når eg treng dei.»

Eit av dei største trugsmåla mot å lykkast som helt er å forsove seg, å kome for seint til timen, å hamne på rangel kvelden før og gløyme ut alt. Det kan ende bittert og tragisk.

 

TRAGISK HELT

Som nynorsking og tilhøyrande ei politisk venstreside opplever eg meg frå tid til anna som tragisk helt, eller som ein lattervekkjande helt à la Don Quijote. Men sjølv det er betre enn å vere ein «lort», for å sitere ein av mine største heltar, Kavring eller Skorpan i Brødrene Løvehjerte.

Eller som Walter Benjamin uttrykte det: «Gamle drankarar er vakrare enn gamle elskarar.»

Coaching og sjølvcoaching er ei tilnærming som bidrar til å ta medvitne val – ikkje risikofrie val.

Eg vonar at du tar dine val medvite, til beste for deg og for oss alle.

May the Force be with you!

 

 

HELT I EGET LIV
3-dagers seminar, 3.-5.9.21
Bergen Pris: 3400,00

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.